Deltakarane på NCE Maritime CleanTech og Mohnsenteret sin Tech Update fekk vita meir om mogelegheitene innan karbon-fangst og lagring på Technology centre Mongstad.

Noreg er leiande på utvikling av både grøn skipsfart og CCS-teknologi. Kva om det møtest lokalt på skip? Det var tema då me samla klynga på Mongstad i januar.

– 36 milliardar tonn. Det er så mykje CO2 me slepp ut kvart år. Noko må gjerast, seier Torleif Madsen, CEO i Compact Carbon Capture.

Madsen viste fram dei spennande planane til selskapet under NCE Maritime CleanTech og Mohnsenteret sin Tech Update på teknologisenteret på Mongstad – om nettopp karbonfangst- og lagring.

– Det viktigaste som må skje for å få ned utsleppa av klimagassar er ei haldningsendring. Den er me vitne til no. Deretter handlar det om å auka effektiviteten på det me gjer. På toppen av «kransekaka» kjem karbonfangst- og lagring, held Madsen fram.

Torleif Madsen og Compact Carbon Capture jobbar med eit fangstanlegg lite nok til å få plass om bord på skip.

Hald deg oppdatert med nyheitsbrevet vårt!

Effektivt med g-krefter

Madsen sitt selskap samarbeider med Equinor, Fjell Technology Group, Sintef og CMR Prototech om å laga eit CO2-fangstanlegg lite nok til å få plass om bord på skip.

– Anlegget me jobbar med er mykje mindre og meir effektivt. Me bruker g-krefter i ein slags sentrifuge for å skilja ut CO2 raskare. Det skal også bli skalerbart, slik at anlegget kan lagast tilpassa både staden det skal vera og kor mykje CO2 ein ønskjer å fanga, seier Madsen.

Ifølgje han skal den første demoen stå klart på eit skip allereie i 2022.

– Går alt etter planen er fangstanlegget vårt på marknaden i 2023, seier Madsen.

Skyt CO2 ned i havbotn

Maritime Development Center er blant partnarane i det EU-finansierte decarbonICE-prosjektet. Mikkel Hansen frå den danske næringsklynga var til stades på Mongstad for å fortelja deltakarane i NCE Maritime CleanTech om utviklinga i deira prosjekt.

– Me jobbar saman med store aktørar innan shippingindustrien om mogelege løysingar for å minska utsleppa av CO2, seier Hansen. Blant desse er mellom anna Knutsen OAS og Teekay.

Også i decarbonICE-prosjektet blir det jobba med løysingar som skal få plass om bord på skip.

– Tanken med vårt anlegg er at me fangar CO2, kjøler ned klimagassen og gjer den om til tørris forma som spydspissar. Desse skal skytast nedover, slik at dei blir lagra i havbotnen. På den måten treng ein ikkje tenkja på lagring av CO2 om bord, seier Hansen.

Mikkel Hansen frå den danske næringsklynga Maritime Development Center fortalde om decarbonICE-prosjektet.

Verdas største

Technology center Mongstad er verdas største og mest fleksible anlegg for testing og forbedring av teknologiar for CO2-fangst. Deltakarane på seminaret fekk også ei omvising på anlegget som har fanga klimagassar sidan 2012.

Geir Grøttveit frå Equinor fortalde deltakarane om Northern Lights – staten sitt store prosjekt for å visa at storskala karbonfangst- og lagring er mogeleg.

Samlinga på Mongstad var eit samarbeid mellom NCE Maritime CleanTech og Mohnsenteret, med støtte frå Vestland fylkeskommune.

Ønskjer du meir informasjon eller har innspel til FoU-aktivitetar knytt til CCS og karbonfangst om bord? Ta kontakt med oss i NCE Maritime CleanTech.

Her er Tech Update-presentasjonane:

 

Technology center Mongstad har fanga CO2 sidan oppstarten i 2012. Anlegget kosta 6 milliardar kroner å laga.