Kravet om utsleppsfrie fjordar innan 2026 er eit døme på ein ambisiøs politikk me treng meir av for å få fart på utviklinga av utsleppsfrie skip og infrastruktur for fornybare energikjelder.
NCE Maritime CleanTech var ein av aktørane som møtte Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og politisk leiing i departementet i eit innspelsmøte 30. juni om nullutslepp frå skip i verdsarvfjordane.
Stortinget fattet i 2018 oppmodingsvedtak (Vedtak 672, 3.5.18) “Stortinget ber regjeringen implementere krav og reguleringer til utslipp fra cruiseskip og annen skipstrafikk i turistfjorder samt andre egnede virkemidler for å sørge for innfasing av lav- og nullutslippsløsninger i skipsfarten fram mot 2030, herunder innføre krav om nullutslipp fra turistskip- og ferger i verdensarvfjordene så snart det er teknisk gjennomførbart, og senest innen 2026“.
Regjeringa følgde opp vedtaket ved å be Sjøfartsdirektoratet greie ut konsekvensane av eit slikt krav. Direktoratet si vurdering var klar i mai, og omfattar ei tilråding om å utsetta et nullutsleppskrav til skip i verdsarvfjordane frå 2026 til 2030.
– Stortingsvedtaket er gjort og me forventar at det blir gjennomført. Diskusjonen no må handla om korleis dette vedtaket skal gjennomførast – ikkje om det skal gjennomførast, seier administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
I møtet med Klima-og miljødepartementet gav Økland innspel på vegne av medlemsbedriftene i Norsk Industri og i NCE Maritime CleanTech. Begge organisasjonane er svært uroa over kva ei eventuell utsetjing av 2026-vedtaket vil ha å sei for industrien og for teknologiutviklinga.
Industrien treng stabile rammevilkår
Stortingsvedtaket har vore sterkt medverkande til igangsetting av fleire konkrete prosjekt innan blant anna batteri- og hydrogendrift. I sitt innspel peika Økland på at dersom industrien opplever det som usikkert om 2026-vedtaket blir ståande vil desse prosjekta bli utsett og kanskje terminert.
– Av omsyn til klima, innovasjon og verdiskaping er det viktig at regjeringa hever ambisjonane for grøn skipsfart. Kravet om utsleppsfrie fjordar innan 2026 er eit døme på ein ambisiøs politikk me treng meir av for å få fart på utviklinga av utsleppsfrie skip og infrastruktur for fornybare energikjelder, seier Økland.
Innspelet frå NCE Maritime CleanTech og Norsk Industri kan du lesa under:
Dette innspelet blir gitt på vegne av våre maritime medlemsbedrifter i Norsk Industri og NCE Maritime CleanTech. Totalt representerer me ca. 370 bedrifter frå heile den maritime verdikjeda.
Norsk Industri og NCE Maritime CleanTech er svært uroa over kva ei eventuell utsetjing av 2026-vedtaket vil ha å sei for teknologiutviklinga og norsk industri. Vår maritime klynge står for ca. 90 000 arbeidsplassar og dei fleste av desse er langs kysten, og representerer ei av våre fremste eksportnæringar.
Av omsyn til klima, innovasjon og verdiskaping er det viktig at regjeringa hever ambisjonane for grøn skipsfart. Kravet om utsleppsfrie fjordar innan 2026 er eit døme på ein ambisiøs politikk me treng meir av for å få fart på utviklinga av utsleppsfrie skip og infrastruktur for fornybare energikjelder. Denne utviklinga vil vera avgjerande for å styrke den framtidige konkurransekrafta til norsk industri, og løysingane som vert utvikla vil ha eit stort eksportpotensiale. Den internasjonale skipsfarten skal halvera sine utslepp fram mot 2050, og Regjeringa har vedtatt at utsleppa frå norsk innanriksskipsfart skal halverast allereie innan 2030. I Regjeringa sin handlingsplan for grøn skipsfart er implementering av 2026-vedtaket eit konkret tiltak som kan bidra til å oppfylle denne målsettinga.
Norge er verdsleiande på elektrifisering og stortingsvedtaket om nullutslepp i verdsarvfjordane har sett fart i teknologiutviklinga. Stortingsvedtaket har vore sterkt medverkande til at fleire cruiserederi inngår samarbeid med industrien om konkrete prosjekt innan batteri- og hydrogendrift. Me kjenner konkrete prosjekt hos våre verft og utstyrsleverandørar for fartøy som kan frakte minst 800 passasjerar utsleppsfritt inn- og ut av fjordane med dagens tilgjengelege teknologi. Me ser at rederi er klare til å bestille slike skip om vedtaket om null-utslepp står ved lag.
Dei neste 2-3 åra vil ei rekke ulike utviklingsprosjekt bli ferdigstilt som demonstrerer og verifiserer nye energiberarar i fullskala. Til dømes pågår det eit EU-prosjekt, ShipFC, der eit energisystem med brenselceller og ammoniakk blir utvikla og demonstrert på eit offshorefartøy i operasjon for Equinor. Vidare arbeider dei store motorfabrikantane i verda med å testa ut og demonstrera bruk av ammoniakk i forbrenningsmotorar, noko som kan muleggjera at også dagens fartøy kan bli utsleppsfrie. Verdas første hydrogenferje på flytande hydrogen er bestilt og vil vera i drift i 2021. Null-utsleppsvedtaket vil også gi vidare fart på utbygginga av infrastruktur for fornybar energi langs kysten, noko som også kjem til nytte for andre sektorar. Eit døme er BKK, Equinor of Air Liquide sitt planlagde hydrogenanlegg med oppstart i 2024.
Sjøfartsdirektoratet har rett når dei hevdar at det i dag ikkje finnes løysingar for at dei store cruiseskipa kan segla inn og ut av verdsarvfjordane. Men null-utsleppsvedtaket kravet ligg seks år fram i tid, og me ser, som nemnt, allereie at det har sett fart på utviklinga innan både fartøy og løysingar for infrastruktur.
Rapporten frå DNV GL til Sjøfartsdirektoratet er ei situasjonsrapport og den nemner ikkje det pågåande utviklingsarbeidet. Mye kan utviklast på seks år. Dersom vedtaket vert utsett slik Sjøfartsdirektoratet tilrår, er industrien klar på at fleire av dei gode prosjekta vil bli sett på vent.
Oppsummert: Ei rekke beslutningar om igangsetting, vidareføring av innovasjonsprosjekt og investering i ny teknologi blir fatta i nær framtid. Dersom industrien opplever det som usikkert om 2026-vedtaket blir ståande vil desse beslutningane bli utsett og kanskje terminert. Strenge reguleringar driv fram etterspurnad etter vår teknologi, og politiske vedtak må gi stabile rammevilkår.
NCE Maritime Clean Tech og Norsk Industri meiner at særlig i ei tid med stor usikkerheit som følgje av Corona-pandemien, er det svært viktig at ein frå politisk leiing står fast på innføring av 2026-vedtaket for å unngå at me tapar fart når det gjeld den grøne omstillinga og reduksjon av utslepp i det maritime.