I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa ulike tiltak som er relevante for grøn maritim omstilling. Satsing på NCE Maritime CleanTech for å fremja norsk maritim miljøteknologi internasjonalt er ei av dei.

NCE Maritime CleanTech har sett på forslaget til statsbudsjett for 2021 med våre «grøne maritime briller», og presenterer her dei viktigaste tiltaka regjeringa føreslår for grøn maritim omstilling.

Nye løyvingar ferjer og hurtigbåtar
Regjeringa ønsker å halda fram satsinga på låg- og nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar. I budsjettforslaget er det sett av 100 millionar kroner til fylkeskommunane til deira innkjøp av null- og lågutsleppsferjer. I tillegg vil regjeringa leggja til rette for å fasa inn hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar med 80 millionar kroner.

Betydeleg styrking av Enovas støttemoglegheiter
I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa å styrka Enovas rolle som tilretteleggjar for grøn omstilling. I budsjettutkastet føreslår regjeringa å auka løyvinga til Enova med 1,6 milliardar kroner. Totalt føreslår regjeringa å løyva 3,3 milliardar kroner til Enova. Målet er at grøn omstilling blir eit svar for korleis næringslivet skal koma seg vidare frå koronakrisa. Enova skal særleg innretta innsatsen mot område der det er størst moglegheit for å fremja grøn omstilling.

Satsing på eksport gjennom klyngene
Regjeringa føreslår å styrka arbeidet med eksportfremme, mellom anna i ei nyetablering kalla Business Norway. Klyngene er også tiltenkt ei viktig rolle i eksportsatsinga. Tidlegare denne veka lanserte regjeringa ny handlingsplan for å styrka norsk eksport.

Satsing på modne klynger
Regjeringa føreslår å styrka Innovasjon Noreg sitt nye delprogram for modne klynger med 20 millionar kroner. NCE Maritime CleanTech er ei av dei modne klyngene som inngår i dette programmet.

Satsinga på grøn maritim omstilling er noko alle norske politikarar er opptatt av og ønsker skal lykkast. Det er difor bra at regjeringa føreslår fleire styrkte tiltak og ser at klynger som NCE Maritime CleanTech har ei sentral rolle i å driva fram innovasjon og omstilling av norsk næringsliv. Men, samla sett treng maritim industri tydelegare signal for at grøn teknologi blir prioritert i nye offentlege kontraktar, og at det vert lagt til rette for pilotering og skalering av ny miljøteknologi. Slik kan me få opna opp internasjonale marknader for norsk maritim miljøteknologi, seier administrerande direktør Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Andre budsjettsatsingar av betyding for grøn maritim omstilling
Regjeringa vil bruka 827 millionar kroner for å delta i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. NCE Maritime CleanTech vil satsa strategisk på å få etablert nye EU-samarbeidsprosjekt når det nye EU-programmet kjem med utlysingar i 2021.

Ei av storsatsingane i 2021 blir det nye Langskip-prosjektet for fangst, transport og lagring av CO2. Dette blir eit viktig pilotprosjekt som òg vil krevja klima- og miljøvenlege maritime løysingar.

Regjeringa føreslår å styrka Nysnø med ytterlegare 700 millionar kroner i 2021. Det betyr at Nysnø kan investera i fleire bedrifter som utviklar ny, klimavenleg teknologi.

Låneordninga for skip i nærskipsfart og fiskeflåten som skal bidra til grøn flåtefornying skal vidareførast i 2021.

Regjeringa føreslår å løyva 240 millionar kroner til den såkalla «verftspakka» (vedtatt i vår). Her skal det byggast, oppgraderast og gjerast vedlikehald av fartøy for Sjøforsvaret, Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og Noregs geologiske undersøking.

Regjeringa føreslår å vidareføra DNV GLs Grønt skipsfartsprogram med 25 millionar kroner i 2021.

Satsinga på miljøvenleg transport i dei store byområda aukar med nær 20 prosent, samanlikna med 2020-budsjettet. Her er det viktig at byane ser potensialet i å også bruka sjøvegen i kollektivtrafikken, og NCE Maritime CleanTech har allereie fleire pågåande prosjektsinitiativ saman med norske byar.

Kva meiner du om budsjettet? Har du innspel til arbeidet med grøn maritim omstilling?
NCE Maritime CleanTech har tett dialog med både regjerings- og stortingspolitikarane, og følgjer arbeidet med politiske satsingar på grøn maritim omstilling tett.

Kom gjerne med innspel som er viktige for di bedrift og som du ønsker skal løftast fram frå klynga. NCE Maritime CleanTech arbeider kontinuerleg for å styrka den grøne profilen endå meir i maritim politikk.

 

Direktør i NCE Maritime CleanTech Hege Økland og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Bildet blei tatt etter eit møte våren 2020. NCE Maritime CleanTech har tett politisk kontakt og arbeider målretta for å styrka den grøne profilen endå meir i maritim politikk.