Maritime CleanTech og heile 9 klyngepartnarar er i samband med regjeringas nysatsing “Grønn platform”  tildelt midlar til ei rekke forprosjekt. Til saman mottek klynga og partnarar 11 700 000 NOK til fleire banebrytande initiativ.

I dag, onsdag, ble det klart at ei rekke forprosjekt får støttemidlar frå “Grønn platform”. Grønn platform er ei ny satsing som gir bedrifter og forskningsinstitutt støtte til forskings- og innovasjonsdriven grønn vekst. Bak Grønn plattform-satsinga står desse fem departementa: Nærings- og fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Samferdselsdepartementet.  Det vert i denne omgang gitt støtte til forprosjekt, som får 300.000 kr. NCE Maritime CleanTech får støtte til følgande forprosjekt:

Modular HyService – Modular Hydrogen solutions for service vessels
Prosjektet skal utvikla ei skisse for utvikling og pilotering av modulbaserte framdriftsløysingar basert på hydrogen og brenselceller.

Samstundes skal prosjektet kartleggja energibehovet for servicefartøy til havbruk og næringar med tilsvarande driftsprofil, samt verdiskapingspotensialet for løysingar til servicebåtnæringa.

Green Deep Sea Logistics – Effektiv og klimavenleg langdistanse tørrbulklogistikk
Prosjektet skal utvikla ei grøn, heilskapleg verdikjede for tørrbulklogistikk. Samstundes skal prosjektet også kartleggja eksisterande tørrbulk-transport frå Europa til Sør-Amerika. Vidare vil prosjektet analysera dagens kapasitetsbehov for last kontra framtidige behov og kartleggja teknologival for meir klimavenlege operasjonar.

Blant prosjekta som no får støtte frå regjeringa er NCE Maritime CleanTech også involvert i forprosjekt i regi av NORCE, Renevo, Unitech og Sustainable Energy. I tillegg får Sustainable Energy norsk katapultsenter støtte til tre forprosjekt innanfor løysingar for havvind, flytande sol og hydrogen. Klyngepartnarane SINTEF, NORCE, ZEM, Zeabuz, Wilhelmsen, Institutt for energiteknikk og Selfa får og støtte til fleire forprosjekt.