Heile konsortiet: Haugesund Kommune, Karmøy Kommune, Karmsund Havn, Kopervik Havn, Høgskulen på Vestlandet, NORCE, Deep Ocean, Massterly, Zeabuz, Marine Energy Test Centre, Simsea Real Operations, Reach Subsea, SEAM, Brødrene Aa, Kolumbus, ITS Norway, Haugesund brannvesen, Sustainable Energy katapultsenter og Maritime CleanTech. Foto: Terje Rudi.

Verdsleiande teknologiar til havnæringane skal utviklast på Haugalandet. I dag opnar me Noregs nye testområde for autonome fartøy.

Sjøområdet Sletta, Smedasundet og Karmsundet blir Noregs nye testområde for fjernstyrte teknologiar og autonome fartøy.

Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har godkjent det nye nasjonale testområdet, og i dag blei området opna av energiminister Tina Bru under Energirikekonferansen i Haugesund. Tidlegare på dagen signerte dei 19 partnarane som står bak etableringa, avtalen som kan løfta fram nye teknologiar til havs.

– Dette testområdet for autonome fartøy kjem til å vise igjen internasjonalt. Verda ser til Noreg når det gjelder utviklinga av nye teknologiar til havnæringane. Her koplar me digitalisering og automatisering med utviklinga av nye energiløysingar for maritim næring og flytande havvind. Alt i alt skal dette gi Noreg ein enda betre posisjon i det internasjonale kappløpet, seier Arne-Christian Mohn, ordførar i Haugesund kommune. Ordføraren har vore blant initiativtakarane til nysatsinga.

CEO i NCE Maritime CleanTech Hege Økland, Olje- og energiminister Tina Bru og CEO i Sustainable Energy katapultsenter Willie Wågen.

Internasjonalt unikt område

Maritime CleanTech har leia arbeidet med å få på plass det nye testområdet:

–  Dette området er heilt unikt, fordi det er det første området som gjer det mogleg å testa løysingar både på opent hav og i eit av Noregs mest trafikkerte skipsleier. Gjennom godt innovasjonssamarbeid i næringsliv, utdanning og forsking kan me få til mykje på tvers av næringar. Dette skjer i eit område kor ein er lengst framme i utviklinga av grøne løysingar for skipsfarten, og kor ein og bygger opp ei global satsing på flytande havvind. Tre framtidige eksporteventyr blir altså kopla saman: grøn skipsfart, havvind og autonomi, seier prosjektleiar Veronica Haugan i Maritime CleanTech. Haugan rosar det framoverlente partnarskapet som står bak denne satsinga.

Det er Sjøfartsdirektoratet og Kystverket som formelt har godkjent etableringa av det nye området. Begge er nasjonale institusjonar med tilhaldsstad i Haugesund. Dei ser fram til å følge opp resultata som skal kome frå testaktivitetane.

– Testområdet vil, saman med dei andre testområda i Noreg, bidra til at norsk industri kan ta ein leiande posisjon innan løysingar for autonome operasjonar i maritim sektor. Utviklinga av utsleppsfrie og automatiserte løysingar for sjøtrafikk går framover med stor kraft. Noreg har ambisjonar om å leia an i dette arbeidet internasjonalt, og Sjøfartsdirektoratet har mål om å bli den første flaggstaten med eit ubemanna skip i kommersiell drift, seier Lars Alvestad, fungerande sjøfartsdirektør.

Kystverket følger også arbeidet tett, og har eigne planar for bruk av det nye testområdet:

– Kystverket har allereie planar om å teste nye teknologiar. Det håpar me kan sørge for ny kunnskap som kan delast med bedriftene. I dette testområdet finst og ei av Noregs mest trafikkerte skipsleder, i Karmsundet, så her vil vi verkeleg få utfordre teknologien i reelle miljø, seier avdelingsleiar Jon Leon Ervik i Kystverket.

Nasjonalt løft for grøne satsingar
Partnarskapet som skal samarbeide om området representerer heile verdikjeda som trengst for å teste ut fjernstyring og autonome teknologiar på ein sikker måte til sjøs.

– Automatiserte teknologier representerer mogleggjerande teknologiar for grøn omstilling i skipsfarten. Sjølvkøyrande båtar vil kunne bidra til å få fram utsleppsfrie og meir energieffektive aktivitetar til sjøs, avsluttar prosjektleiar Veronica Haugan.

Testområdet er operativt frå i dag. Dei 19 involverte partnarane i det sterke offentleg-private samarbeidsinitiativet er: Haugesund Kommune, Karmøy Kommune, Karmsund Havn, Kopervik Havn, Høgskulen på Vestlandet, NORCE, Deep Ocean, Massterly, Zeabuz, Marine Energy Test Centre, Simsea Real Operations, Reach Subsea, SEAM, Brødrene Aa, Kolumbus, ITS Norway, Haugesund brannvesen, Sustainable Energy katapultsenter og Maritime CleanTech.

 

 

Prosjektleiar Innovasjon i NCE Maritime CleanTech Veronica Haugan. Foto: Terje Rudi