Har bedrifta di eit innovasjonsprosjekt som kan bidra til utsleppsreduksjon frå sjøtransport og til grønn omstilling i maritim sektor? Forskningsrådet si støtteordning «Innovasjonsprosjekter i næringslivet» har satt av om lag 60 millionar kroner til maritime næringar. For å få søknaden behandla i år, er fristen 14.september.

Midlane skal gå til FoU-baserte innovasjonsprosjekt som bidrar til auka verdiskaping for den maritime næringa.  Utlysinga har løpande frist, men for å få søknaden behandla i år, er fristen 14.september. Det same gjeld søknader til støtteordninga «Demonstrasjonsprosjekt i næringslivet», der det er satt av om lag 20 millionar kroner til maritime næringar for 2022.

– Innanfor klima- og miljøvennleg maritim virksomhet / grønn skipsfart, vil me prioritera prosjekt som er retta mot satsinga Maritim Zero 2050. Dette må vera prosjekt som gir nye, betre og gjennomførbare nullutsleppsløysingar for skip som går over lengre strekningar. Prosjekta skal bidra til berekraftige innovasjonar og utvikla ny teknologi og løysingar som egnar seg for fartøysegment og seglingsdistansar som ikkje allereie har tilgjengeleg nullutsleppsløysingar, skriv Forskningsrådet på sine nettsider.

Prosjekta kan motta mellom 3 og 16 millioner kroner i støtte frå Forskningsrådet. 

– Dette er gode støtteordningar som kan bidra til å setta fart på grøne innovasjonsprosjekt. Me i Maritime CleanTech bistår gjerne klyngemedlemmer med råd og rettleiing i søknadsfasen dersom dei har prosjekt som kan vera aktuelle her, seier leiar for innovasjon og prosjektutvikling i Maritime CleanTech, Øystein Huglen.

 

Vår kontaktinformasjon finn du her:

The Administration – NCE Maritime CleanTech

 

Les meir om dei ulike støtteordningane her:

Innovasjonsprosjekt i næringslivet 2022 (forskningsradet.no)