Det er høg FoU-vekst i næringslivet, viser ny statistikk. Servogear er eit godt eksempel: dei satsa på vidareutvikling av eigen miljøteknologi som krisetiltak. Og bedrifta vinn stadig nye kontraktar rundt om kring i verda.

I dag lanserte Statistisk sentralbyrå sin årlege statistikk om forsking og utvikling (FoU) i næringslivet. Den viser høg vekst i FoU-satsinga i norske bedrifter, og særleg sterk FoU-auke i mindre føretak (10-50 tilsette).


John Martin Tormodsæter og Torleif Stokke i Servogears lokale på Bømlo.

Satsa på FoU som krisetiltak
Servogear på Rubbestadneset på Bømlo valde bevisst å møta nedgangstidene med offensive tiltak: Dei brukte pengar på utvikling av eigen miljøteknologi og marknadsføring av produkta.

Då bedrifta merka nedgangstider og måtte permittera medarbeidarar, valde styret i Servogear å satsa strategisk på FoU og sette av ressursar til dette arbeidet.

Sjølv om dette er langsiktige prioriteringar så vinn den internasjonalt orienterte bedrifta stadig nye kontraktar rundt om kring i verda. 80 prosent av kundane deira høyrer heime i utlandet, mange i for eksempel Asia og Amerika.


Stine Håvik held på med dagens produksjon.

Klyngesamarbeid viktig for FoU-satsing
Som deltakar i NCE Maritime CleanTech har Servogear fått rådgiving og hjelp i etableringa av FoU-prosjekt. I tillegg er Servogear involvert i fleire av dei pågåande fellesprosjekta i klynga saman med andre bedrifter og forskingsinstitusjonar.

– Deltakinga i klyngesamarbeidet er svært viktig for FoU-satsinga vår, seier direktør Torleif Stokke i Servogear på telefon frå konferanse på Filippinane. Han er glad for at bedrifta valde ein offensiv strategi i ein krevjande marknadssituasjon.

Servogear får også delfinanisert FoU-prosjekt frå Innovasjon Norge si miljøteknologiordning, og dersom dette prosjektet lykkast vil det utvida totalmarknaden for produkta deira.

– Servogear har lenge utvikla eigen teknologi, å ytterlegare satsa på dette gjennom for eksempel klyngesamarbeid gjer at me stadig blir involverte i nye prosjekt, seier Stokke.

Har vunne fleire miljøprisar
SSB sin statistikk og Servogear si satsing viser at FoU kan vera eit godt krisetiltak. Dei som tør å bruka pengar på miljøteknologi kan vinna fram i dagens marknad.

Servogear har alltid vore nytenkande når det gjeld meir energieffektive framdriftssystem til sjøs, og har også vunne miljøprisar både i Noreg og i utlandet for dette arbeidet.