Klynga vår får over 600 000 kroner frå DOGA til å utvikla framtidas havbruksfartøy. Målet er å finna nye, effektive fartøyskonsept med mindre utslepp.
I ei oppdrettsnæring i vekst trengst det innovative løysingar for å møta fleire driftsutfordringar. Dagens oppdrettsbåtar er ikkje designa for mange av oppgåvene dei utfører. Nye båtar må mellom anna møta krav om energieffektivitet, nullutslepp, logistikk, og sikkerheit.
Ved bruk av designmetodikk skal prosjektdeltakarane her utvikla nye fartøyskonsept som møter bransjens forventingar.
Prosjektet blir gjennomført som ein designdriven innovasjonsprosess (DIP) i i klynga vår. Ulike bedrifter stiller med kompetanse frå heile den maritime verdikjeda (havbruk, logistikk, design, skipsbygging og skipsutstyr). At prosjektet er tverrfagleg er sentralt for å kunna avdekka framtidas løysingar.
Storm Industrial Design styrer designprosessen i samarbeid med teknologibedrifter og oppdrettsselskap. Prosjektet vil også ha med seg ekspertar på fiskehelse frå leiande forskingsmiljø i Bergen, og tett samarbeid med NCE Seafood Innovation.
Kick-off for prosjektet skjer 23. november i Oslo.