Crina Siva Ilea, Bernt Skeie og Geir Magne Knutsen på tysdagens kick-off (foto: Gunn Janne Myrseth, CMR)

Nye grøne løysingar i havbruksnæringa og nye måtar å utnytta data på. Våre to nye strategiske hovudprosjekt samlar fleire deltakarar frå klynga.

Dei nye prosjekta er etablert som følge av utlysinga me hadde i haust om å styrka kompetansen innanfor våre nye strategiske hovudområde.

Strategisk satsing på grønt havbruk
24. januar starta eit av våre nye hovudprosjekt: “Green Fish Farming”. Prosjektet blir leia av Crina Silvia Ilea ved CMR Prototech.

På kick-off-møtet var det med deltakarar frå Westcon, Greenstat, SKL, Wave Propulsion og Bremnes Seashore.

Tre rederi i Big Data-samarbeid
Knutsen OAS, NorthSea Container Line og Solstad Shipping samarbeidar om ny bruk av data. Klaus Johannsen ved Uni Research Computing leiar prosjektet.

På første møtet blei for eksempel meir effektiv ruteplanlegging identifisert som eit fellesmål.

Kunnskapsdeling i klynga
Erfaringar og resultat frå prosjekta skal presenterast på felles workshopar for klynga vår.