NCE Maritime CleanTech søker erfaren prosjektleiar.

Den maritime næringa står midt i eit energiskifte. Fram mot 2050 skal skipsfarten redusera sine utslepp med 50 prosent. Sentralt i arbeidet med å få fram nye energiberarar og meir energieffektive løysingar, står NCE Maritime CleanTech. NCE Maritime CleanTech er no blitt ansvarleg for å koordinera eit innovasjonsarbeid med norske og europeiske partnerar der nye energiberarar skal demonstrerast i fullskala. Dette banebrytande prosjektet startar i 2020 og har ein lang horisont.

Me søker no ein erfaren prosjektleiar som vil få ansvar for at prosjektet blir gjennomført i tråd med plan og forpliktingar til EU og partnarar. Prosjektleiar skal arrangere og avholde møter mellom prosjektleiarane av dei ulike delprosjekta, ha dialog og følgje opp leveransar mellom prosjektpartnarane, rapportere til Europakommisjonen, samt sørge for kommunikasjon og formidling av forskingsresultat. Prosjektleiaren vil vera prosjektet sin primærkontakt både mot EU og mot dei ulike partnarane. Det må påreknast ein del reiseaktivitet, både i Norge og i Europa.

Me ser gjerne at du har høgare utdanning (M.Sc) innan økonomiske/juridiske/maritime/tekniske fag. Du har solid og dokumentert erfaring frå prosjektleiing i eit internasjonalt miljø der interkulturell forståing og engelskferdigheiter er sjølvsagte. Det vil være eit fortrinn om du har erfaring med forskings- og utviklingsarbeid i bedrifter og akademia.

Du har gode leiareigenskapar og sosiale ferdigheiter, og har ei genuin interesse for innovasjon og teknologiutvikling innan det grøne skiftet. Du har pågangsmot, stor arbeidskapasitet og evner å ta sjølvstendig ansvar og initiativ.

Som prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech vert du ein del av ei verdsledande verksemd i sterk utvikling. Me kan tilby konkurransedyktige vilkår, gode kollegaer, spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, samt eit stort nettverk av samarbeidspartnarar i inn- og utland.

Nysgjerrig? Me tek gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human: Odd Arild Sævik, på mob 450 21 995, eller Edvard Thormodsæter, på mob 992 67 888.

Du kan også ta kontakt med Hege Økland i NCE Maritime CleanTech, på mob 957 53 695.

Arbeidsstad:

Stord, eller Bergen, etter nærare avtale
Tiltreding: Snarast etter avtale
Søknadsfrist: 15.01.2020

Om arbeidsgjevaren:

NCE Maritime CleanTech er ei næringsklynge lokalisert på vestlandet med over 100 klyngepartnarar frå havnæringane og den maritime verdikjeda. Klyngesamarbeidet omfattar utvikling, demonstrasjon og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar for maritim sektor. NCE Maritime CleanTech deltek i klyngeprogrammet Norwegian Centre of Expertise som er eit program som rettar seg mot dei mest dynamiske og vekstkraftige næringsklyngene i Noreg. Programmet er eigd av Norges Forskningsråd, SIVA og Innovasjon Norge. NCE Maritime CleanTech har sitt hovudkontor på Stord.