NCE Maritime CleanTech har 120 medlemsbedrifter.

I 2020 er det løyvd ekstra milliardar til omstilling i næringslivet, både i Noreg og i EU. NCE Maritime CleanTech sparkar difor i gang ei ny webinarrekke for å informera om dei mange støtteordningane og for å mobilisera til prosjektetablering.

I september presenterer me både norske og europeiske støtteordningar, og klyngeadministrasjonen er klare til å bistå bedriftene i å etablera utviklingsprosjekt:

  • 8. september om dei nye ordningane for flåtefornying. Her kjem både NOx-fondet og Innovasjon Norge. Dette er eit sentralt tema for alle som er involverte i nærskipsfarten.
  • 15. september om dei mange ordningane til Innovasjon Norge. Fornybar energi og grøn skipsfart er tema det er strategisk viktig å få igang innovasjonsprosjekt på.
  • 17. september om EU-finansiering. Her vil NCE Maritime CleanTech dela erfaringar frå oppstarten av tre store EU-prosjekt, i tillegg blir det informert om EUs nye ordningar. Over 500 millionar kroner er tildelt EU-prosjekt i klynga dei siste to åra.

NCE Maritime CleanTech oppmodar alle bedrifter i klynga å melda seg på webinara framover:

– Me hadde fleire webinar med verkemiddelaktørane i vår, og me ser det gav bedriftene våre god informasjon til å starta viktige utviklingsaktivitetar og våga seg i gang med prosjektsøknader. Det gav raskt resultat, og mange har fått støtte til å starta opp sine prosjekt. No har det kome fleire nye ordningar sidan sist runde i vår, og i klyngeadministrasjonen er me klare til å rettleia i denne verkemiddeljungelen, seier Håvard Tvedte, direktør for prosjektstyring.

Millionsuksess i tildelingar – deler erfaringar på webinar

Evoy er ei av bedriftene som har hatt suksess i søknader til ulike ordningar. I juli vann dei fram i sterk internasjonal konkurranse og sikra seg 45 millionar i EU-finansiering. På webinaret 17. september vil direktør Leif Stavøstrand fortelja meir.

Også Teknotherm har fått midlar til nye innovasjonsaktivitetar i sommar, og på webinaret med Innovasjon Norge 15. september vil dei dela meir om korleis dei gjekk fram i prosessen:

– Gjennom gode tips og rettleiing frå NCE Maritime CleanTech fekk me søkt og sikra støtte til to viktige forprosjekt som kan føra til grøn utvikling i maritim næring. No får me starta arbeidet med begge desse forprosjekta i ei tid der det er viktig, men krevjande, å prioritera utvikling, seier kundeansvarleg Jan Nordvik i Teknotherm.