Fylkesrådmannen i Vestland fylkeskommune tilrår å utsetje innføring av nullutslepps hurtigbåtar med fire år, til 2028. – Ei utsetjing vil gi store negative ringverknader for vestlandsindustrien, seier administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Den 3. desember vedtok fylkesutvalet i Vestland at alle hurtigbåtar som køyrer Bergen–Sogn/Nordfjord skal vera utsleppsfrie så raskt som mogleg frå mai 2022 og seinast innan mai 2024. Vedtaket vart gjort ut i frå fylket sitt ønskje om eit grønt skifte, og ei tru på ein industri som er klar til å levere.
Hurtigbåten i dagens form er den eineståande største kjelda til utslepp målt i passasjerkilometer. Nullutsleppskrav til ruter vil difor føra til store reduksjonar i CO2-utslepp. Teknologiutviklinga som nullutsleppskrav til hurtigbåtane vil føre med seg, vil også ha stor overføringsverdi til andre fartøyskategoriar.
Vegen vidare for utlysing av anboda i Vestland skal opp til politisk behandling denne veka. I sakspapira kjem det fram at fylkesrådmannen tilrår å utsetja innføringa av utsleppsfrie hurtigbåtar med fire år.
– Offentlege innkjøp har ein svært viktig funksjon i å få fram ny miljøteknologi og bidra til kommersialiseringa av denne. Me har difor sendt politikarene ei sterk oppmoding for å sørge for at det politiske vedtaket frå 2019 blir gjennomført, leiar for industriklynga NCE Maritime CleanTech seier Økland.
Økland, er svært skuffa over at administrasjonen legg fram eit forslag til gjennomføring som ikkje er i tråd med fylkesutvalet sitt vedtak frå desember 2019.
– Å venta og sjå slik fylkesrådmannen tilrår fører ikkje til eit grønt skifte i maritim sektor. Det gir også store negative ringverknader for ein vestlandsindustri som er avhengig av teknologiutvikling for å nå opp i ein sterk internasjonal konkurranse om framtidas løysingar. Industrien viser til løysingar som gjer det mogleg å oppnå nullutslepp frå 2024, seier Økland.
Risikerer at utviklinga vert sett på vent
Dagens kontrakt om drift av hurtigbåtsambanda mellom Bergen, Nordfjord og Flåm/Sogn går ut i april 2022 og ny kontrakt må derfor inngåast. I sakspapira vert det oppgitt fem ulike alternativ til korleis anbodet skal utlysast, og fylkesrådmannen si tilråding er det minst ambisiøse alternativet. Tilrådinga omfattar ein mellombels konvensjonell driftskontrakt, som vert avløyst av ein nullutsleppskontrakt i løpet av 2028. Tilrådinga er grunna i risiko knytt til driftsstabilitet og økonomiske konsekvensar.
– Det er alltid risiko knytt til ny teknologi, men denne risikoen var godt kjent då fylkesutvalet fatta sitt vedtak i fjor. Det er nesten eit år sidan vedtaket vart gjort, og det er svært skuffande at ein ikkje har gjort nok for å få fortgang i denne prosessen. På dette tidspunktet kunne me vore godt i gang med teknologiutviklinga, men no risikerer me å bli sett tilbake til start, seier Økland.
Utlys pilotfartøyet no
– NCE Maritime CleanTech sine industripartnarar står bak ei rekke ulike pilotprosjekt som demonstrerer nye energiberarar i fullskala. Desse pilotfartøya banar veg for det grøne skiftet i maritim sektor. Me vil sterkt oppmoda fylkespolitikarane til å få fram ei utlysing for eit pilotfartøy no i haust som er dimensjonert for å gå den lengste og mest energikrevjande strekninga. På denne måten kan til dømes hydrogen som energiberar bli pilotert på eit fartøy som skal inn i reell drift, seier Økland.