Maritime CleanTech arrangerer tre høgaktuelle debattar i Arendal. Statsrådar, stortingspolitikarar og toppleiarar frå offentlig sektor og maritim industri blir med oss om bord på Statsraad Lemkuhl. Bli med du også!
— NCE Maritime CleanTech ser frem til å delta på Arendalsuka 2021. Dette er ein viktig arena for å synliggjera betydninga av fornybare maritime løysingar for sentrale politiske beslutningstakarar. Me er svært nøgde med å samarbeida med Maritime Bergen og resten av selskapa på Statsraad Lehmkuhl, og årets hovedtema «Future Blue Sea» passar oss godt, seier CEO i Maritime CleanTech, Hege Økland
I år vil Arendalsuka etter alt å dømma gå av stabelen som vanleg. Nasjonale politikarar, toppbyråkratar, media og aktørar frå norsk næringsliv skal samlast for å diskutera høgaktuelle problemstillingar. Maritime CleanTech arrangerer tre debattar kor blant anna næringsminister Iselin Nybø, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, sentrale opposisjonspolitikarar, aktørar frå verkemiddelapparatet og klyngebedriftar skal delta. Du kan sjå alle arrangementa live på nett.
Klynga arrangerer fylgjande debattar:
Tysdag 17/8 2021 10:30 – 12:00: GRØN SKIPSFART SOM NYTT NORSK EKSPORTEVENTYR – MED SKJÆR I SJØEN?
Tysdag 17/8 2021 14:30 – 16:00 FRAMTIDAS BLÅ BYBANE – FRÅ LAND TIL SJØ
Maritime CleanTech ynskjer velkomen!