Me starta utviklinga av framtidas havbruksfartøy ute i feltet – på oppdrettsanlegget Langholmen i Rogaland.

Bremnes Seashore sørger for at behova i havbruksnæringa blir høyrt i det nye designprosjektet i NCE Maritime CleanTech. Dei inviterte oss med til anlegget deira ved Langholmen sør for Boknafjorden i Rogaland.

Sveinung Åkra (Storm Industrial Design) og Geir Magne Knutsen (Bremnes Seashore) på veg til Langholmen med dagens arbeidsbåt “Jenny”.

Sveinung Åkra frå Storm Industrial Design skal leia designprosessen, og styrte første workshop i prosjektet. Åkra er opptatt av at arbeidet må begynna saman med dei som skal vera brukarar av dei nye fartøya, sidan det er dei som er ekspertar på kva behov båtane må dekka.

På møtet på Langholmen stilte Bremnes Seashore med fire deltakarar, alle med ulike roller for å få fram ulike behov: Trond Steinsvik (regionsjef), Stig Alsvik (driftsleiar), Jostein Eike (driftsleiar servicebåtar) og Geir Magne Knutsen (utviklingssjef).

I neste omgang skal Storm Industrial Design leia ei ny samling som også inkluderer teknologiekspertane. Det vil seia dei som kan dekka for eksempel propulsjonsløysingar, energisystem, automatisering og logistikk i utviklinga av det nye fartøykonseptet.

Vil du vera med Storm Design og Bremnes Seashore i det vidare arbeidet? Me ønsker at interesserte klyngedeltakarar melder si interesse innan 10. februar. Les meir her.

Hoppande laks på anlegget ved Langholmen i Rogaland.