Bilete av f.v. Nils Aadland, Hege Økland, Lars Petter Maltby, Helene Fladmark og Ivan Østvik (bilde: Birte Runde, Eyde-klyngen).
F.v. Nils Aadland, Hege Økland, Lars Petter Maltby, Helene Fladmark og Ivan Østvik (bilde: Birte Runde, Eyde-klyngen).

Kva har ei næringsklynge i landbasert prosessindustri og ei klynge for havbasert næring til felles?

Eyde-klyngen på Agder og NCE Maritime CleanTech diskuterer no om det finst moglege samarbeid innanfor sirkulærøkonomien frå land til sjø – eller motsatt. Arbeidet starta i Arendal denne veka.

– Klyngene våre har til felles at me begge arbeider for grønare og meir bærekraftige forretningsmodellar, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

–  Bedriftene i Eyde-klynga representerer også ein viktig del av vår verdikjede. Her blir det jobba aktivt med for eksempel nye, reinare produksjonsprosessar, noko som kan føra til at vår samla verdikjede får eit redusert klimafotavtrykk, seier Økland.

Eyde representerer viktige produsentar for maritime leverandørar
I Eyde-klynga blir det jobba for å få medlemsbedriftene sine til å samarbeida om reinare og meir konkurransekraftig prosessindustri på land.

Eyde-klyngen har mellom anna landets to einaste aluminiumsprodusentar med i klynga, og aluminium er eit viktig materiale i innovative båter. Det veg mindre, og det er viktig i kombinasjon med å bruka batteri som drivkraft.

I administrasjonen jobbar me no med å utvikla samarbeidsprosjekt på tvers, om de har innspel til arbeidet.