Grøn energi og smarte løysingar for havbruksnæringa var tema hos Bremnes Seashore​ 30. august. Og NRK laga reportasje om samarbeidet vårt.

Me samla mange klyngedeltakarar hos Bremnes Seashore på Bømlo 30. august. Tema var grøne energiløysingar i havbruk.

Deltakarane fekk også omvising og innføring i planane til Bremnes Seashore, ein ny klyngedeltakar som ser stort potensiale i samarbeidet vårt.

NRK var også med, og her kan de høyra korleis eit klyngesamarbeid fungerer i praksis: Folk møtest på tvers av bransjar og dynamitt oppstår!