Samlinga blei opna med nyheita om at NCE Maritime CleanTech har blitt sertifisert med eit europeisk gullmerke for klyngeorganisasjonar. Det betyr at klynga er på EUs høgste nivå for velfungerande næringsklynger. Gull-nyheita blei feira med gullmedaljar til alle deltakarar.
Etter gullfeiringa starta samlinga med presentasjon av nye klyngedeltakarar. Bedrifter som BKK, The Switch, Gasnor, Statoil og Eta Energi blei deltakarar i klynga i fjor, og no fekk dei moglegheit til å fortelje klynga om deira arbeid. Tilbakemelding frå andre deltakarar var at det var interessant å få innsikt i kva nye bedrifter i klyngesamarbeidet fokuserer på.
Klynga har også fleire gründerbedrifter med gode forretningsidear som er relevante for klynga, og som arbeider med å finna miljøvenlege løysingar. HardCruise fortalde korleis dei ønskjer å gjere cruisesektoren meir grøn og berekraftig, mens AquaPro presenterte sine idear for utvikling av eit prosessanlegg for havbruk og landbruk.
Til slutt fekk deltakarar høyra siste nytt frå utvalde klyngeprosjekt. Status for Urban Water Shuttle blei gitt, og prosjektet får no millionar i finansiering frå både PILOT-E-ordninga og Bergen kommune. Me fekk også vita kor langt Short Sea Pioneer-prosjektet er kome. Prosjektleiar Ada Jakobsen i NCL fortalte korleis konseptet representerer neste generasjons sjølogistikk.
Det blei også orientert om prosjekta som omhandlar Big Data, Green Fish Farming og maritimt test- og innovasjonssenter. Styreleiar Ingve Sørfonn avslutta samlinga med å presentera styret sitt strategiarbeid og kva dei ønskjer for NCE Maritime CleanTech i framtida.
Presentasjonar frå samlinga:
- BKK
- The Switch
- Unitech
- Gasnor
- Eta Energi
- Hardcruise
- AquaPro
- Urban Water Shuttle
- Statoil
- Short Sea Pioneer
- Maritimt test- og innovasjonssenter
Etter klyngesamlinga var klyngedeltakarar kalla inn til årsmøte for å ta avgjerder i viktige saker for heile klyngeorganisasjonen.
Nytt styre for klyngeorganisasjonen:
- Ingve Sørfonn, Wärtsilä (attvald)
- Liv Reidun Grimstvedt, HVL (attvald)
- Asbjørn Tverdal, Haugaland Kraft (attvald)
- Sigvald Breivik, Norled/NorLines (nyvald)
- Liv Kari Eskeland, Unitech (nyvald)
- Kari Marvik, CMR (nyvald)
- Bjørn Sundland, Gasnor (nyvald)
- Tore Dalseide, Dalseide Shipping Services (på val i 2018)
- Tor Inge Dale, Solstad Offshore (på val i 2018)
- Terje Johansen, Kværner Stord (på val i 2018)
- Vermund Hjelland, Eidesvik (på val i 2018)