Hydro vil sikra klimavenleg transport av sine råvarer og produkt. No utfordrar dei klyngebedriftene i NCE Maritime CleanTech til å finna framtidas løysingar. Resultatet kan revolusjonera eit viktig deep sea-segment.
Hydro har som mål å kutta sine samla klimagassutslepp med 30 prosent innan 2030. Logistikk er eit av områda som må redusera sine utslepp for å nå dette målet.
– Me transporterer hovudsakleg to ting. Råvarer til verka våre i Noreg, og ferdigprodukt ut til marknaden. Dette utgjer kring 3,7 millionar tonn kvart år. Heile 95% av dette tek sjøvegen, seier Jan Peder Myklebost, Head of Shipping and Inbound Logistics i Hydro.
Nytt samarbeid om framtidas tørrbulkskip
Bedriftene i NCE Maritime CleanTech er verdsleiande når det kjem til å utvikla innovative løysingar for å redusera utslepp i nærskipsfarten. Men, innan deep sea-segmentet står det framleis mykje utviklingsarbeid att.
– Maritim aktørar skal nå IMO sine målsettingar om 50% utsleppskutt innan 2050. For å få til det, trengst det samarbeid. Og det er nettopp det me inviterer til no. Samarbeid mellom vareeigar og sentrale aktørar i verdikjeda, slik at me saman kan forma framtidas tørrbulkskip, seier Hege Økland, administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech.
Jan Peder Myklebost i Hydro ser fram til å få med relevante samarbeidspartnarar i klynga for å setja fart på prosjektet:
– Me har mange utfordringar. Hovudlogistikk-lina vår går mellom Brasil og dei fem smelteverka våre i Norge. Me opererer difor i deep sea- og tørrbulk-segmenta. Det har vist seg å ikkje vera dei mest innovative felta innan shipping. Me håpar og trur at NCE Maritime CleanTech saman med si breie medlemsmasse, som allereie har god erfaring med å starta innovasjonsprosessar, kan komma opp med framtidas tørrbulkskip, seier Myklebost.
Delta i utviklingsprosjektet
Utviklinga av framtidas tørrbulkskip kjem til å bli gjennomført i klynga i tett samarbeid med vareeigar Hydro og industridesignarar frå Eker Design. Konsortiet som skal samarbeida om nye løysingar skal setjast saman av representantar frå følgjande klyngebedrifter: skipsdesignar, reiarlag, systemintegrator, teknologileverandørar, energiselskap, FoU-aktørar, hamne- og logistikkaktørar.
- Dette blir veldig spennande. Både NCE Maritime CleanTech og Eker Design har god erfaring i å få fram banebrytande konsept som blir utvikla vidare mot kommersialisering. Med Hydro som ambisiøs vareeigar kan dette fort føra til innovasjon innan klimavenleg sjølogistikk, avsluttar Hege Økland.
Vil du delta? Klikk her for å melda deg på innan 11. september