- This event has passed.
Arendalsuka: 50 prosent utsleppskutt i norsk skipsfart innan 2030 – korleis auka farten?
18th August 2021 at 12:30–14:00
Event Navigation
Det er om lag 1000 ulike fartøy som dominerer Noregs utslepp frå innanriks skipsfart. Skal me nå våre mål om å oppnå 50 prosent utsleppskutt her innan 2030, må halvparten av desse fartøya erstattast med nullutsleppsfartøy. I gjennomsnitt 50 skip årleg. Tilsvarande skal verdas flåte på over 55 000 skip redusera sine utslepp med 50 prosent innan 2050.
Potensialet for norske leverandørar i den grøne omstillinga er enorme, men me er i dag langt unna å oppfylla dei komande måla. Korleis skal me sikra at produksjon, forsyning og bruk av nye grøne drivstoff kjem på plass? Korleis skal me sikra at verda ser til norskekysten i utviklinga av grøn skipsfart? Kva rammevilkår manglar for næringa? Kva rolle spelar dei viktige vareeigarane? Korleis bør reiarlaga manøvrera i møte med nye drivstoff og forretningsmodellar?
Til debatten kjem klimaministeren som jobbar for å oppfylla handlingsplanen for grøn skipsfart. Her kjem fleire politikarar, næringsaktørar som arbeider med å få opp nye verdikjeder rundt grøne drivstoff, og ikkje minst stiller dei viktige reiarane og vareeigarane.
- Sveinung Rotevatn, Klima- og miljøminister (V)
- Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant (H)
- Lars Haltbrekken, Stortingsrepresentant (SV)
- Natalia Golis, Fylkesvaraordførar (MDG)
- Siri-Anne Mjåtvedt, CEO, Utkilen
- Magnus Ankarstrand, President, Yara Clean Ammonia
- Morten Sundt, Manager, Marine Logistics & Emergency ResponseEquinor
- Erik Ianssen, CEO, Hymatech
- Steinar Madsen, General manager, Topeka
- Bjørn Sundland, Forretningsutviklar, BKK
- Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech
Arrangementet er ombord Statsraad Lemkuhl under Arendalsuka, og blir strøyma via Arendalsuka.no
Details
- Date:
- 18th August 2021
- Time:
-
12:30–14:00
- Event Category:
- MCT
- Website:
- https://program.arendalsuka.no/event/user-view/16061