- This event has passed.
Arendalsuka: 7,5 år igjen til 2030: Korleis få eit norsk krafttak for grøn maritim omstilling?
16th August 2022 at 11:00–12:00
Event Navigation
No må me trå til!
Me er inne i eit avgjerande tiår. Rapportane er krystallklare. Om Noreg skal kutta klimagassutslepp frå innanriks skipsfart med 50 prosent innan 2030 må det byggast 138 nye null- og lågutsleppsskip i året, fram mot 2030. To av tre nybygg er baserte på fossilt drivstoff, og det kjem framleis byggemeldingar for nye skip som skal vara i 20-30 år utan at det er lagt opp til låg- eller nullutsleppsteknologi ombord.
Industrien kan levera, men offentlege verkemidlar og insentiv er for svake. Det trengst eit samla norsk krafttak!
Kva skal til for at å gjennomføra den store omstillinga? Korleis får me i gang marknaden for grøn skipsfart i alle segment? Og kva seier industrien? Rekk me 2030?
Saman med representantar frå regjering, storting og industri tar Maritime CleanTech debatten i Arendal!
Deltakarar (fleire kjem):
- Espen Barth Eide, Klima- og miljøminister, Arbeidarpartiet
- Arild Hermstad, Nestleiar, MDG
- Linda Hofstad Helleland, Stortingsrepresentant, Høgre
- Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentant, Venstre
- Geir Bjørkeli, CEO, Corvus Energy
- Gitte Talmo, CEO, Eidesvik
- Morten Sundt, Manager Marine Operations, Equinor
- Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech
Details
- Date:
- 16th August 2022
- Time:
-
11:00–12:00
- Event Category:
- MCT
- Website:
- https://program.arendalsuka.no/event/user-view/18466