Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Arendalsuka – Anløp 2030: Kjem skipsfarten i hamn med klimamåla?

16th August 2023 at 09:3010:30

Event Navigation

Berre sidan Arendalsuka i fjor har Noreg fått både verdas første elektriske hurtigbåt og verdas første hydrogenfartøy i trafikk med passasjerar. Meir enn kvart tredje ferjesamband går no på straum.

Norske verft, teknologileverandørar og reiarar har vist at dei får det til. Likevel: Alle analysar viser at skipsfarten ikkje er i rute til å nå klimamåla for 2030.

Kva skal til for å få opp tempoet i den grøne omstillinga? Kva manglar i verktøykassa? Korleis utløysa nødvendige investeringar? Kva seier industrien, og kva vil politikarane?

Saman med leiande representantar frå posisjon, opposisjon og industri tar Maritime CleanTech denne debatten i Arendal.

Med:

  • Espen Barth Eide, klima- og miljøminister
  • Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant, Venstre
  • Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant, Høgre
  • Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant, SV
  • Rasmus Hansson, stortingsrepresentant, MDG
  • Steinar Madsen, adm direktør, Wilhelmsen Topeka
  • Hege Økland, adm. direktør, Hy2Gen/Iverson E-fuels
  • Geir Bjørkeli, adm. direktør/styreleiar, Corvus Energy/Maritim bransjeforening – Norsk Industri
  • Gunvald Mortvedt, adm. direktør, SEAM
  • Ada Jakobsen, adm. direktør, Maritime CleanTech

Få også med deg dei andre arrangementa våre på Arendalsuka!

Onsdag 16. august kan du fylla heile formiddagen med grøn maritim innovasjon:

0830–0930: Flaggfrukost: Å navigera blant grøne løysingar i skipsfarten

0930–1030: Anløp 2030: Kjem skipsfarten i hamn med klimamåla?

1030–1130: Nye teknologiar om bord: Grønt og trygt i skipsfarten

Details

Date:
16th August 2023
Time:
09:30–10:30
Event Category: