- This event has passed.
Arendalsuka – Nye teknologiar om bord: Grønt og trygt i skipsfarten
16th August 2023 at 10:30–11:30
Event Navigation
Det grøne skiftet stiller skipsfarten overfor store utfordringar. Nye drivstoff og teknologiar skal ikkje berre vera CO2-frie – dei skal også vera trygge og driftssikre.
Har me kompetansen som trengst for at framtidas grøne skipsfart skal vera trygg for mannskap og samfunn? Og har me infrastrukturen som trengst for testa og kvalifisere den nye teknologien?
Maritime CleanTech og Sustainable Energy Katapultsenter tar debatten med partane i den maritime næringa – og inviterer sentrale aktørar til å bli med i eit panel om eit tema som blir meir og meir aktuelt for dei som skal setja det grøne skiftet ut i livet.
Deltakarar:
- Knut Arild Hareide, sjøfartsdirektør, Sjøfartsdirektoratet
- Kristina S. Hansen, statssekretær, Nærings- og fiskeridepartementet (Ap)
- Linda H. Helleland, stortingsrepresentant, Høgre
- Erling Sande, stortingsrepresentant, Senterpartiet
- Matt Duke, adm. direktør, Grieg Maritime Group
- Erlend Hovland, teknisk direktør, Norled
- Stein Lier Hansen, adm. direktør, Norsk Industri
- Hege-Merethe Bengtsson, adm. direktør, Maskinistforbundet
- Lene Osen Osnes, generalsekretær, YoungShip International
- Willie Wågen, adm. direktør, Sustainable Energy katapultsenter
Få også med deg dei andre arrangementa våre på Arendalsuka!
Onsdag 16. august kan du fylla heile formiddagen med grøn maritim innovasjon:
0830–0930: Flaggfrukost: Å navigera blant grøne løysingar i skipsfarten
0930–1030: Anløp 2030: Kjem skipsfarten i hamn med klimamåla?
1030–1130: Nye teknologiar om bord: Grønt og trygt i skipsfarten
Details
- Date:
- 16th August 2023
- Time:
-
10:30–11:30
- Event Category:
- MCT