- This event has passed.
Cruise tourism in Norway – national conference
25th October 2021
Event Navigation
På konferansen er det søkelys på ein del sentrale spørsmål og utfordringar som Norge står ovanfor knytt til cruiseturisme. Ny nasjonal reiselivsstrategi, nullutsleppskrav, framtidige energiløysingar og beredskap knytt til cruiseturisme vil vera viktige tema på cruisekonferansen.
Hovudmålet med konferansen er å auka kunnskapen knytt til dei mange utfordringane omkring cruiseturisme i Norge, slik at både næringa og det offentlege kan ta best moglege avgjerder om korleis ein skal planlegga og tilrettelegga for framtidig cruisturisme i Norge.
Hege Økland, direktør i Maritime CleanTech, deltar på konferansen med innlegg om “Nullutsleppskravet er ei moglegheit for cruiseturismen! Korleis skal cruiseskip fortsatt kunne segle i norske fjordar med krav om nullutslepp etter 2026?”
Målgruppe
Konferansen er aktuell for alle aktørar i Norge som er involvert i cruiseturisme samt interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylke og departement.
Påmelding
Arrangørar
Fylkeskommunane i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal arrangerer for andre gong «Nasjonal konferanse om cruiseturisme til Norge» i Bergen.
Details
- Date:
- 25th October 2021
- Event Category:
- Promoted