- This event has passed.
APPLY NOW: Global Growth 2023-2024 – Green Maritime France
22nd September 2023
Event Navigation
Norske verft, utstyrsprodusentar og tenesteleverandørar skal posisjonerast for å eksportera låg- og nullutsleppsløysingar for maritim passasjertransport i Frankrike. Innovasjon Norge og Maritime CleanTech inviterer maritime aktørar til å bli med på vekstprogram i 2023-24.
Norske bedrifter leverer løysingar i verdsklasse til eit stort spekter av fartøytypar innan låg- og nullutsleppsløysingar til skipsfarten.
– Dei norske løysingane og teknologiane rundt er svært innovative, modne, velprøvde – og ikkje minst eksportklare. Den grøne omstillinga i Frankrike akselererer, og timinga for eit styrka norsk engasjement er difor god, seier Stephanie Volpe, frå Innovasjon Norge sitt Paris-kontor.
Innovasjon Norge og Maritime CleanTech inviterer no til eit dedikert program retta mot den franske marknaden, og opptil ti norske bedrifter blir tatt opp i programmet som startar i oktober i år. Søknadsfristen er 22. september.
Meld deg på programmet øvst i denne saka!
– Interesserte bedrifter vil få meir informasjon på eit webinar 15. september. Påmeldingsfristen om ein ønskjer å vera med på prosjektet er 22. september. Her gjeld det å vera snar om ein ønskjer å gripa denne mogelegheita, seier Stephanie Volpe.
Deltakaravgifta er på NOK 30.000 for SMB-ar, og NOK 50.000 for store verksemder.
Initiativet er ein del av Innovasjon Norge sitt High Potential Opportunities-program (HPO) for store eksporttiltak.
Har du spørsmål om deltaking på programmet? Kontakt prosjektkoordinator Alv Øidvin i Maritime CleanTech, (alv@maritimecleantech.no).
Meld di interesse på øvst i denne saka!
Details
- Date:
- 22nd September 2023
- Event Category:
- MCT