- This event has passed.
HAST: Hydrogen, ammoniakk, skipsfart & teknologi
18th April 2023 at 16:00–17:00
Event Navigation
One Ocean Week, Vision of the Fjords (Vågen, Bergen), 18. april kl. 16–17 (inkl. lett servering)
Skipsfarten står overfor ei stor omstilling – og må bidra til betydelege utsleppskutt skal me klara å nå klimamåla. Møt dei som viser veg i det grøne maritime skiftet.
Maritime CleanTech og Sustainable Energy katapultsenter har gjennom samarbeid bygd opp eit nasjonalt økosystem for grøn maritim industriutvikling. Det har gitt maritimnæringa langs kysten rolla som verdas grøne laboratorium for utviklinga av grøn skipsfart.
På One Ocean Week vil leiande aktørar frå den maritime næringa visa at dei har kome langt: No er det hydrogen i bruk på fartøy, brenselceller er marknadsnære og testing av ammoniakk i fullskala skipsmotor pågår for fullt. Hydrogen og ammoniakk kan sikra utsleppsfrie maritime operasjonar for dei større skipa og dei lengre distansane.
Bli med om bord på vakre “Vision of the Fjords” og få siste nytt om den grøne omstillinga langs kysten vår. Det hastar å få testa og kvalifisert dei nye løysingane. No er det handling som gjeld – og her får de møta dei som går fremst:
AGENDA
- Regjeringa sine ambisjonar for grøn skipsfart // Statssekretær Vidar Ulriksen (Ap), Nærings- og fiskeridepartementet
- Det HASTar! Difor er samarbeid nøkkelen til nullutslepp // Ada Jakobsen, CEO Maritime CleanTech og Willie Wågen, CEO Sustainable Energy katapultsenter
- Slik tek me forbrenningsmotoren inn i framtida // Hans Petter Nesse, administrerande direktør Wärtsilä Norge
- Bygger banebrytande brenselceller // Bernt Skeie, CEO Alma Clean Power
- Me produserer grønt hydrogen NO! // Thor Henrik W Hagen, CEO Hydrogen Solutions (HYDS)
Dette arrangementet vil føregå på Havbyen Bergens partnerbåt, Vision of the Fjords, under One Ocean Week. Her kan du lesa meir om kva som skjer på Vision of the Fjords 18.–19. april, og du finn fullstendig program for One Ocean Week her.
Details
- Date:
- 18th April 2023
- Time:
-
16:00–17:00
- Event Category:
- MCT