Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

One Ocean HAVlunsj: Grønn sKIpsfart med data og KI

April 17 at 11:30 13:00

Kan digitalisering og kunstig intelligens kutte utslepp i skipsfarten? Lær meir på HAVlunsj på Skolten under One Ocean Week!

Skipsfarten møter stadig større krav til utsleppskutt. I påvente av at nye, utsleppsfrie drivstoff blir tilgjengelege i stor skala, ser næringa etter moglegheiter for å effektivisere sin energibruk og redusere forbruket av fossilt drivstoff. Her gir digital teknologi mange nye verktøy.

Onsdag 17. april inviterer Maritime CleanTech i samarbeid med EDIH Oceanopolis til ein heilt spesiell HAVlunsj på havneterminalen på Skolten, som ein del av One Ocean Week. 

Her får du høyre om det nye prosjektet GASS – Green AI for Sustainable Shipping – som skal ta i bruk maskinlæringæ og digitale tvillingar for å optimalisere drivstofforbruket på skip og redusere utsleppa med 20 prosent.

Du får også høyre frå to internasjonale rederi med base i Bergen – Grieg Star og Utkilen – om korleis digitalisering, data og KI speler inn i deira strategi for dekarbonisering av flåten.

Sist, men ikkje minst får du høyre om korleis Oceanopolis kan hjelpe bedrifter i havnæringane med å «booste» sin digitale utvikling og kompetanse!

HAVlunsjen er gratis og open for alle. Lunsj til påmeldte. Møt gjerne opp i god tid – mat og kaffi er servert frå kl. 11!

Med:

  • Bjørn Åge Hjøllo, Chief Sustainability Officer, NAVTOR AS
  • Atle Sommer, CEO, Grieg Star AS
  • Siri-Anne Mjåtvedt, CEO, Utkilen AS
  • Stig Marthinsen, CEO, Oceanopolis
  • ++

Om GASS

Shippingindustrien har tradisjonelt vore treg med å ta i bruk digitale teknologiar, noko som har resultert i suboptimal energibruk. Det nye prosjektet GASS (Green AI for Sustainable Shipping) har mål om å endra dette gjenonm å utvikle nye, KI-baserte løysingar for optimalisert ruteplanlegging og drivstofforbruk. Ved å kombinera maskinlæringsalgoritmar med digitale tvillingar for avansert ytingsanalyse, har GASS som mål å mogleggjera ein 20 % reduksjon i drivstofforbruket for fartøy på tvers av ulike fartøysegment.

GASS er eit «Grøn plattform»-prosjekt, finansiert av Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva. Prosjektet er leia av NAVTOR med partnarane Simula Research Laboratory, Scandinavian Reach Technologies, Grieg Star, SinOceanic Shipping, Maritime CleanTech og Sustainable Energy.

Om Oceanopolis

Har du ønske om «å booste» digital utvikling og kompetanse i organisasjonen din?

Oceanopolis-programmet skal bidra til å akselerere digitaliseringa i startups, SMB-er og offentleg sektor for selskap langs kysten. Programmet er finansiert av EU, Vestland Fylkeskommune og tilbyr mellom anna gratis mentorprogram og subsidierte kurs og «test before invest»-tenester. Saman skal me bidra til meir digitale og berekraftige selskap for å auke konkurranseevna vår og bidra til større verdiskaping.

På HAVlunsjen ifm One Ocean Week har me gleda av å presentere kva tenester, kurs og verktøy Oceanopolis kan hjelpe bedrifta di med. Me vil gi ein kort presentasjon av programmet og kva som trengst for at du kan bli blant dei utvalde selskapa som får bistand og støtte for ditt selskaps digitale utvikling.

Om HAVlunsj

HAVlunsj er ein serie med lunsjmøte i regi av VISMaritime Bergen, GCE Ocean TechnologyNCE Seafood Innovation ClusterMarineholmen og Maritime CleanTech.

HAVlunsj er ein uformell møteplass for havnæringene, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging.

HAVlunsj blir arrangert nest siste torsdag i månaden (med nokon unntak).

Details

Date:
April 17
Time:
11:30–13:00
Event Category:

Organiser

Maritime CleanTech
Skoltegrunnskaien
Bergen, Norway
+ Google Map