- This event has passed.
HAVlunsj – Brenselceller for skip: Frå teiknebrett til marknad
16th November 2023 at 11:30–12:30
Event Navigation
Velkommen til HAVlunsj på Marineholmen i Bergen, denne gongen med brenselceller som teknologi for utsleppskutt på skip som tema!
Brenselceller er avgjerande for å få ned utsleppa frå skipsfarten når batteri åleine ikkje er tilstrekkeleg. Med grønt hydrogen eller ammoniakk som brensel gir brenselceller eit utsleppsfritt framdriftssystem.
Teknologien er for lengst tatt i bruk, men er framleis i rivande utvikling. Kor langt har utviklinga kome – og korleis vil teknologien og marknaden utvikle seg i framtida?
Dette får me høyre meir om på HAVlunsj 16. november, med innlegg frå fire aktørar med ulik teknologitilnærming og på ulike stadium i utviklinga:
- PEM Fuel Cells som moden løsning – Corvus Energy v/ Kristian E. Holmefjord
- Solid Oxide Fuel Cells fra lab til skip – Alma Clean Power v/ Ina Ekeberg
- Integrering av brenselceller på skip – HAV Hydrogen v/ Kristian Osnes
- Fremtidens elektrolysør og brenselcelle – Element One Energy v/ Dag Martin Frøystad
Kaffi og lunsj er servert kl. 11.30. Programmet er ferdig 12.30.
Om HAVlunsj
HAVlunsj er ein serie med lunsjmøter i regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood, NCE Maritime CleanTech og Marineholmen.
Arrangementet er ein uformell møteplass for havnæringane, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging.
Alle som ynskjer å delta er velkommen. Gratis lunsj til påmelde.
Details
- Date:
- 16th November 2023
- Time:
-
11:30–12:30
- Event Category:
- MCT
Venue
- VilVite
-
Thormøhlens gate 51
Bergen, Norway + Google Map