Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Investinor og Nysnø: Investeringskapital til vekst (webinar)

29th April 2020 at 12:0013:00

Event Navigation

Administrerande direktør Siri Kalvig og investeringsansvarleg John Egil Johannessen i Nysnø. (Fotograf: Lene Hodge)

Dei statlege investeringsselskapa Investinor og Nysnø Klimainvesteringer har mandat til å gjera investeringar som kan gi ny vekst. Investinor er tilført 1 milliard kroner i ekstra midlar gjennom regjeringas krisepakke. Målet er at selskapet raskt kan fordela og investera kapital i norske vekst-og gründerselskap.

Det statlege investeringsselskapet Nysnø skal investera i selskap som bidrar til klimagassreduksjonar på ein smart og lønsam måte. “Me vil finna fram til selskapa med dei smartaste løysingane, og bidra til at produkta deira raskare ser dagens lys”, heiter det frå selskapet. Nynsø har til no blitt tildelt over 1,4 milliardar i kapital over statsbudsjettet.

NCE Maritime CleanTech inviterer alle medlemmer til webinar med dei to investeringsselskapa. Investeringsdirektør Otto Frøseth (Investinor) og administrerande direktør Siri Kalvig og investeringsansvarleg John Egil Johannesen (begge Nysnø) vil presentera sine investeringsstrategiar og det blir mogleg å stilla spørsmål.

Påmelding i lenka over. Det blir sendt ut lenke til Microsoft Teams i forkant av webinaret.

Investeringsdirektør Otto Frøseth i Investinor. (Foto: Investinor)

 

Details

Date:
29th April 2020
Time:
12:00–13:00
Event Categories:
,