Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

Maritime CleanTech på Arendalsuka

14th August 202318th August 2023

Event Navigation

16. aug kl. 08:30 – Flaggfrukost: Å navigera blant grøne løysingar i skipsfarten (med Sjøfartsdirektoratet)

Noreg er ein av verdas største skipsfartsnasjonar, og har ambisjonar om å vera ei grøn maritim stormakt. Korleis står det til i dag? Kva dilemma møter reiarlaga i overgangen til klimavenlege løysingar?

Grøne løysingar i norsk flåte er i fokus når Sjøfartsdirektoratet og Maritime CleanTech inviterer til flaggfrukost på Arendalsuka.

Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide innleier om status og utvikling i flåten, og norske skipseigarar frå ulike fartøysegment tar samtalen om korleis dei stakar ut kursen mot netto nullutslepp.

Sjå fullt program på Arendalsuka.no: Flaggfrukost: Å navigera blant grøne løysingar i skipsfarten – Arendalsuka

 

16. aug kl. 09:30 – Anløp 2030: Kjem skipsfarten i hamn med klimamåla?

Berre sidan Arendalsuka i fjor har Noreg fått både verdas første elektriske hurtigbåt og verdas første hydrogenfartøy i trafikk med passasjerar. Meir enn kvart tredje ferjesamband går no på straum.

Norske verft, teknologileverandørar og reiarar har vist at dei får det til. Likevel: Alle analysar viser at skipsfarten ikkje er i rute til å nå klimamåla for 2030.

Kva skal til for å få opp tempoet i den grøne omstillinga? Kva manglar i verktøykassa? Korleis utløysa nødvendige investeringar? Kva seier industrien, og kva vil politikarane? Saman med leiande representantar frå posisjon, opposisjon og industri tar Maritime CleanTech denne debatten i Arendal.

Sjå fullt program på Arendalsuka.no: Anløp 2030 – Kjem skipsfarten i hamn med klimamåla? – Arendalsuka

 

16. aug kl. 10:30 – Nye teknologiar om bord: Grønt og trygt i skipsfarten (med Sustainable Energy Katapultsenter)

Det grøne skiftet stiller skipsfarten overfor store utfordringar. Nye drivstoff og teknologiar skal ikkje berre vera CO2-frie – dei skal også vera trygge og driftssikre.

Har me kompetansen som trengst for at framtidas grøne skipsfart skal vera trygg for mannskap og samfunn? Og har me infrastrukturen som trengst for testa og kvalifisere den nye teknologien?

Maritime CleanTech og Sustainable Energy Katapultsenter tar debatten med partane i den maritime næringa – og inviterer sentrale aktørar til å bli med i eit panel om eit tema som blir meir og meir aktuelt for dei som skal setja det grøne skiftet ut i livet.

Sjå fullt program på Arendalsuka.no: Nye teknologiar om bord: Grønt og trygt i skipsfarten – Arendalsuka

14. aug kl. 16.10 – Ta vannveien i bruk – elektrisk og autonom mobilitet på vann

Ta vannveien i bruk – elektrisk og autonom mobilitet på vann.

Fra populær mobiltetsløsning for norske byer til globale vekstmuligheter for norske leverandører. Her deltar m.a.:

  • Ada Jakobsen, CEO, Maritime Cleantech
  • Bjørn Utgård, CEO, Hyke
  • Erik Dyrkoren, CEO, Zeabuz
  • Eja Tuominen, CEO, SAMS Norway
  • Steinar Meling, Prosjektleder, Nordic Edge
  • Arne Bergsvåg, Fylkesvaraordfører Rogaland, Sp
  • Natalia Golis, Fylkesvaraordfører Vestland, MdG
  • Siv Henriette Jacobsen, Fylkesrådleder Viken, Ap

Programmet er en del av mobilitetsløypa mandag 14.08.23 kl. 16:00 -19:00.

Sjå full program på Arendalsuka.no: Ta vannveien i bruk – elektrisk og autonom mobilitet på vann

 


Trøkk og temperatur på Arendalsuka 2022. Foto: Marius Knutsen / Maritime CleanTech

 

Details

Start:
14th August 2023
End:
18th August 2023
Event Categories:
,