Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

NCE MCT på Arendalsuka

12th August 201915th August 2019

Event Navigation

NCE Maritime CleanTech deltar på Arendalsuka med fire høgaktuelle debattarrangement på Statsraad Lemkuhl, kom og bli med:

13. august 08.30: Hurtigbåtar: miljøteknologi i nye anbod (frukostmøte)
Mellom 2019 og 2026 blir det lyst rundt 75 hurtigbåtanbod langs norskekysten. Desse vil ha svært mykje å seia for utviklinga av maritim miljøteknologi,  klimagassutslepp og norske arbeidsplassar. Korleis kan politikarane bidra til for å realisera eit grønt skifte i hurtigbåtsektoren?

I debatten deltar: Atle Hamar (statssekretær, Klima- og miljødepartementet), Tore Storehaug (stortingsrepresentant, KrF), Øystein L. Hansen (stortingsrepresentant, Ap), Siv Mossleth (stortingsrepresentant, Sp), Torleif Stokke (dagleg leiar, Servogear) og Erlend Solem (direktør for samferdsel, Trøndelag Fylkeskommune). Ordstyrar: Hege Økland (NCE Maritime CleanTech)

 

13. august 16.30: Grøn cruise i alle norske fjordar
I Noreg har talet på cruiseturistar auka raskt dei siste åra, og nye framskrivingar spår 1 million cruisepassasjerar langs noregskysten i 2040. Miljøavtrykket frå cruiseturismen må ned, og frå 2026 kjem det krav om nullutslepp i tre norske verdsarvfjordar. Dette vedtaket har fått internasjonal merksemd, og det banar også veg for strengare utsleppskrav for andre fartøy og dei andre fjordane våre.

Norske pionerhamner har begynt arbeidet med å legga til rette for utsleppsfrie operasjonar, og norske teknologileverandørar er verdsleiande når det gjeld reine maritime løysingar. Kva vil vedtaket om utsleppsfrie fjordar kreva av strukturendringar og nye logistikkløysingar? Korleis skal vedtaket best gjennomførast? Korleis jobbar industrien for å møta nye og strengare krav?

I debatten deltar: Atle Hamar (statssekretær, Klima- og miljødepartementet), Terje Halleland (stortingsrepresentant, FrP), Ingrid Heggø (stortingsrepresentant, Ap), Liv Kari Eskeland (stortingsrepresentant, H),  Tor Christian Sletner (visepresident, CLIA Europe), Thor André Berg (dagleg leiar, Plug), Ove Wilhelmsen (styreleiar Maritim bransjeforening, Norsk Industri), Rita Berstad Maraak (hamnesjef, Stranda hamnevesen (inkl. Geirangerfjord cruisehamn)) og Hege Økland (dagleg leiar, NCE Maritime CleanTech). Ordstyrar: Marie E. Launes (NCE Maritime CleanTech)

 

14. august 08.30: Hydrogen og infrastruktur langs kysten (frukostmøte)
Hydrogenteknologien kjem i bruk i ferjer frå 2021, og for både cruise, hurtigbåt og andre større fartøy vil hydrogen vera ein del av løysinga i framtida. For å få fart på utviklinga er det viktig å raskt få på plass ei forsyningskjede for grøn hydrogen i Noreg. Kva skal til for at me får realisert det første produksjonsanlegget? Korleis kan det leggast best til rette for produksjon og distribusjon av hydrogen langs kysten?

I debatten deltar: Rikard Gaarder Knutsen (statssekretær, Olje- og energidepartementet), Kirsti Leirtrø (stortingsrepresentant, A), Liv Kari Eskeland (stortingsrepresentant, H), Kristian Vik (dagleg leiar, Norsk hydrogenforum), Tomas Tronstad (dagleg leiar, Hyon), Fridtjof Unander (direktør ressursnæringar og miljø, Forskingsrådet) og Hege Økland (dagleg leiar, NCE Maritime CleanTech). Ordstyrar: Hilde Holdhus (Greensight)

 

15. august 12.00: El-vannbussar i bybassenga – ny bruk av sjøvegen i kollektivsystema (lunsjmøte)
Norske byar skal bli både smarte og grøne. Er politikarane visjonære nok? Norske leverandørar er allereie klare med løysingar for autonome, elektriske vannbussar som kan bidra til kortare reisetid, mindre køar på vegane og store reduksjonar i utslepp. Korleis kan ein sikra at verdsleiande norsk maritim miljøteknologi kjem i bruk i norske hamnebasseng? For eksempel i Arendal?

I debatten deltar: Ketil Kjenseth (stortingsrepresentant, V), Arne Christian Mohn (ordførar (A), Haugesund kommune), Hege Økland (dagleg leiar, NCE Maritime CleanTech), Pia Meling (sals- og marknadsdirektør, Massterly), Pål Koren Pedersen (ordførarkandidat, Arendal Venstre), Geir Fredrik Sissener (ordførarkandidat, Arendal Høyre), Einar Krafft Myhren (kandidat, Arendal SV), Ola Olsbu (plan- og samferdselssjef, Aust-Agder fylkeskommune) og Rune Hvass (hamnesjef, Arendal havn). Ordstyrar: Håvard Tvedte (NCE Maritime CleanTech)

 

Klikk på lenkene over for meir informasjon om dei enkelte arrangementa.

Bli med på fleire spennande debattar i Arendal!

Details

Start:
12th August 2019
End:
15th August 2019
Event Category:

Venue

Arendal
Arendal,