- This event has passed.
Norske moglegheiter i fransk ferje- og shippingmarknad (webinar)
16th December 2020 at 10:00–11:00
Event Navigation
Med skyhøge klimaambisjonar og milliardar i øyremerkte midlar til grøn omstilling seglar Frankrike opp til å bli ein svært attraktivt marknad for norske bedrifter. I samarbeid med Innovasjon Norge inviterer NCE Maritime CleanTech alle klyngebedrifter til eit webinar kor desse marknadsmoglegheitene blir presenterte.
Innovasjon Norge Paris lanserer i desse dagar ein marknadsrapport om grøn omstilling i shipping- og ferjenæring i Frankrike. Frankrike er Europas leiande nasjon på grøn omstilling og har øyremerka fleire milliardar euro for å nå klimamåla. Her er òg den maritime næringa prioritert, kor det skal satsast på blant ann el-fartøy, hydrogen, smarte hamner, smart offshore-industri og smarte skip. Frankrike står heilt i startgropa her, og melder no si interesse for norske løysingar.
Program:
10:00-10:05: Velkomen v/Håvard Tvedte, direktør prosjektstyring, NCE Maritime CleanTech
10:05-10:35: Grønn omstilling i det franske ferje- og shippingmarkedet: Muligheter for norske bedrifter v/ Eli Rognerud, Head of Export Innovasjon Norge Paris & Gyrid Espeland, lead researcher
10:35-11:00: Spørsmål og diskusjon
Rapporten blir publisert i desember og vil gjerast tilgjengeleg for medlemsbedriftene i forkant av møtet.
Lenke til møtet blir sendt til dei som melder seg på i forkant av møtet, registrer deg i lenka over.
Organiser
Related Events
-
Trade Mission: Green Maritime Technologies – US West Coast
3rd February 2025 at 08:00–7th February 2025 at 20:00