- This event has passed.
Nye Enova-program: Hydrogen og ammoniakk for maritim sektor
January 12 at 10:00–11:00
Event Navigation
Enova har lansert to nye støtteprogram: «Hydrogen i fartøy» og «Ammoniakk i fartøy».
Maritime CleanTech inviterer alle medlemmer til informasjonsmøte om dei nye utlysingane 12. januar 2024.
Opptil 80 prosent av den ekstra investeringskostnaden kan støttast for det grøne fartøyet samanlikna med det fossile. Investeringa kan enten vera i nytt/nye fartøy og/eller ombygging av eksisterande fartøy.
Enova varslar også at det vil lysast ut ein ny konkurranse om maritime hydrogenknutepunkt i løpet av våren 2024. Her vil vi også kunne gis støtte på opptil 80 prosent av investeringskostnadane for produksjonsanlegget og infrastruktur for å gjera hydrogen tilgjengeleg for dei maritime brukarane.
Enova har så langt støtta prosjekt for 2,2 milliardar kroner innan hydrogen og ammoniakk i maritim sektor. Trass i satsinga er førebels ingen prosjekt realisert. Dei nye programma varslar sterkare verkemiddelbruk for å styrka dei grøne løysingane i konkurranse med fossile alternativ.
I informasjonsmøtet 12. januar vil me få ein gjennomgang av programma, og moglegheiter til å stilla spørsmål.
Agenda:
- Velkomen og introduksjon ammoniakk- og hydrogenaktivitetar – Tore Boge, senior prosjektleiar, Maritime CleanTech
- Om nye støtteprogram for hydrogen og ammoniakk – Elin Ulstad Stokland, seniorrådgivar, Enova
- Spørsmålsrunde
Les meir om programma her: Nå skal grunnmuren for satsningen for hydrogen og ammoniakk til maritim sektor bygges | Enova
Ta gjerne kontakt med Maritime CleanTech om du har tilbakemeldingar til dei nye programma.
Obs! Dette webinaret er for medlemmer av Maritime CleanTech. Ønsker du å vita meir om medlemskap? Ta kontakt med oss.
Meld deg på i dag, du vil få tilsendt ei lenke til webinaret i god tid før det startar.