Trine Skei Grande besøkte Haugesund og Maritimt Forum i forrige veke. Her gav dagleg leiar i Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordland, Solveig Røkenes, ein grundig presentasjon av den maritime klynga i regionen, og næringa sine ønsker til myndighetene.
Venstreleiaren fekk også presentert MCTW, og uttrykte stor interesse for prosjekta som
klynga arbeider med. Hege Økland undertstreka at Miljøteknologiordninga til Innovasjon Norge er eit viktig verkemiddel for å utløysa demonstrasjonsprosjekt hos bedriftene, og at det er ønskelig frå MCTW si side at denne ordninga vert vidareført og styrka.