Det har vore mange spennande samlingar for klyngedeltakarane det siste halvåret. I januar arrangerte me temadag saman med NCE Systems Engineering og Høgskolen i Sørøst-Norge.
Enova, NOx-fondet, Innovasjon Norge, GIEK og Eksportkreditt er blant dei som har besøkt oss for å orientera om deira støtte- og finansieringsordningar.
På batteriseminaret me arrangerte saman med Sjøfartsdirektoratet i april blei det fullt hus og ivrige diskusjonar.
I slutten av april var me i Japan for å presentera klyngesamarbeidet vårt på den internasjonale konferansen Sea Japan. Me besøkte fleire japanske industribedrifter og forskingsmiljø, og me fekk innblikk i arbeidet deira med hydrogen og brenselceller.
I mai vann klynga vår Sivaprisen for vårt gode innovasjonsmiljø. Det er me skikkeleg stolte av på vegner av alle som deltar i samarbeidet!
I slutten av mai deltok me på Regjeringas prestisjetunge havkonferanse i Bergen, i forkant av konferansen hadde me på trykk ein kronikk om potensialet i havnæringane saman med Maritimt Forum Bergensregionen, GCE Subsea og NCE Seafood.
Saman med dei same samarbeidspartnarane arrangerte me også ein flott sommarfest for både politikarar og næringsaktørar på Statsraad Lehmkuhl.
Internasjonalt samarbeid er viktig for ei klynge som oss, og i mai var me vertskap saman med Nordic Marina for nordisk seminar om grøn sjøtransport. Me deltar også i søknader om forskingsprosjekt på tvers av fleire land i Europa.
I byrjinga av juni samla me klyngedeltakarane våre til årets strategisamling i Rosendal. Det blei to interessante dagar, og nye satsingar er i ferd med å etablerast.
Årets stordkonferanse blei ein suksess. Den blei arrangert i juni og me var arrangørar saman med Stord Næringsråd og Atheno. ”Me riggar oss for framtida” var tema for konferansen.
Deretter deltok me på idelab i regi av Forskingsrådet. Det resulterte i at klynga no er deltakar i prosjekt som har fått 1 million kroner i støtte. I slutten av juni var me på Electric & Hybrid Marine i Amsterdam der fleire av klyngedeltakarane våre vann prisar!
Me har møtt politikarar og byråkratar, kome med innspel til både statsrådar og stortingspolitikarar, og me har oppnådd gjennomslag for nye konkrete satsingar på grøne rammevilkår for maritim næring.
Det har blitt mykje medieomtale, både av konkrete prosjekt i klynga og av bedriftene som er med.
Klynga veks stadig, og det siste halvåret har det kome sju nye deltakarar til: Apply Leirvik, Berserk Design, Bremnes Seashore, CFD Marine, Lloyd´s Register, NES og PBES. No er 55 ulike deltakarverksemder med i samarbeidet vårt.
Og over sommaren ventar både SMM i Hamburg og mange fleire aktivitetar i klynga. Følg med då. Men først: ha ein god sommar!