Den 20. mars fekk me besøk av olje- og energiminister Terje Søviknes på Stord. Her fekk han ein kort presentasjon av klynga og eit utval av deltakarverksemdene, og ministeren gav uttrykk for at han var imponert over mangfaldet av teknologi og innovasjon som vart vist fram.

Til stades på møtet var representantar frå Unitech, Wärtsilä, Kværner, Apply Leirvik, Statoil, The Switch, Haugaland Kraft, Sunnhordland Kraftlag og Gasnor.

At industrien har eit auka behov for testing og simulering for å gi raskare og rimelegare innovasjonsprosjekter, var eit av dei sentrale bodskapa verksemdene hadde til ministeren. Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, viste til «Norsk Katapult»-programmet, og presenterte klynga sine planar om å få i gong eit industrinært test- og innovasjonssenter for havnæringane på tvers av verksemder og utdanningsinstitusjonar i regionen. Eit slikt testsenter vil føre til raskare marknadsintroduksjon av nye produkt og tenester, og vil såleis gi næringslivet eit avgjerande konkurransefortrinn.

Etterlyste strengare miljøkrav
Verksemdene etterlyste og eit strengare regelverk for klima- og miljøutslepp, og framheva behovet for gode insitament for å velje miljøteknologi.

-Når konsesjonar vert delt ut må det offentlege sjå på korleis tildelingane kan bidra til at industrien minskar miljøavtrykket sitt, og ein må sjå på heile operasjonen som skal forvaltast – også logistikken.

Andre tema som vart tatt opp var blant anna permitteringsreglar, Fornybarfondet, samt vidareføring av støtteordningar.