Den 31. mai lanserer Innovasjon Norge eit digitalt utstillingsvindauga for norsk eksport og berekraft. Urban Water Shuttle er eit av dei utvalde eksempla som vert trekt fram under lanseringa.

Innovasjon Norge leier arbeidet med «Merkevaren Norge», i nært samarbeid med næringslivet og andre delar av det offentlege Norge. Arbeidet har som mål å auka norsk eksport.

Som ein del av satsinga er det utvikla eit digitalt utstillingsvindauga for norske grøne løysingar, som skal visa verda kvifor det lønnar seg å kjøpa norsk, jobba med Noreg, investera i Noreg, bu i og besøka Noreg.

Satsinga vert lansert av statsminister Erna Solberg under Innovasjonstalen i Bergen 31. mai.

– Det er stor stas at Urban Water Shuttle vert brukt som eit av eksempla på Noreg sin leiande posisjon innan berekraft. Dette er eit fartøy med stort eksportpotensiale, som kan gi store klima- og miljøgevinstar for tettbygde strok verda over, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Mellom dei løysingane som er tatt med i det gode selskap finn me klyngepartnar Wärtsilä sin trådlause lader og Servogear sine energieffektive høghastighets propellar.

Til lanseringa i Oslo denne veka kjem tidlegare statsminister Gro Harem Brundtland, 30 år etter ho leia Verdskommisjonen for miljø og utvikling, og fekk verda til å forstå at ei berekraftig utvikling er viktig. I tillegg kjem statsminister Erna Solberg, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, klima- og miljøminister Ola Elvestuen, og leiar i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth.