PANELDEBATT: Owe Hagesæther (CEO, GCE Ocean Technologies), Anne Jacobsen (CEO, NCE Media) og Hege Økland (CEO, NCE Maritime Cleantech). Foto: TORGEIR HÅGØY / DISTINKT.

 

Ein strategi for korleis patent, varemerke og design skal sikrast er ein viktig del av innovasjonsprosessen. Advokatfirmaet Kluge er ekspertar på området, og står klare til å hjelpa klyngebedrifter som treng råd om korleis dei skal sikra rettigheitene sine.

Kluge IPR Summit gjekk av stabelen, for første gong, i Bergen denne veka. Konferansen retta seg mot alle aktørar som på ein eller annan måte kjem innom spørsmål knytt til rettigheitar i si daglege drift.

– Og det gjer jo dei aller fleste i dag. Me klarte å skapa ein ny møtestad der me samla alt ifrå store, tunge industribedrifter til mellomstore og mindre bedrifter. I tillegg møtte folk ifrå universitets-, finans– og rådgjevarmiljø opp. Me fekk gode tilbakemeldingar, og ser på dette som ein suksess. Difor ønskjer me også å arrangera konferansen årleg, seier Thomas Rieber-Mohn, partnar i Kluge Advokatfirma AS.

IPR (Intellectual Property Rights) er ei samlenemning for rettigheitane som er omtala under immaterialrett og industrielt rettsvern. Til dømes patent-, varemerke- og designrett, retten til føretaksnamn og liknande.

Rieber-Mohn og Kluge Advokatfirma AS er medlem i NCE Maritime CleanTech.

– Me kan hjelpa bedrifter med det aller meste. Teknologirettigheitar er eit område me er gode på. Me bidrar med rådgjeving i alle fasar, både når det gjeld strategi og handtering av konkrete tvistar. Me har god erfaring med å hjelpa bedrifter allereie frå innovasjonen oppstår. Me samarbeider også tett med patentbyrå og kan hjelpa til i søknadsprosessar, seier Rieber-Mohn.

Kluge har også hjelpt bedrifter med å løysa konkrete tvistar både i og utanfor domstolane.

Jostein Aleksandersen (CEO, NeoDrill), Bjørn Lillekjendlie (direktør for patentavdelinga i Patentstyret) og Eivind Egeland Olsen (investeringsdirektør, Nysnø Invest) var blant næringslivstoppane som heldt innlegg under IPR-konferansen denne veka.

På programmet var også ein debatt om rettigheitshandtering i næringsklyngene. I panelet sat leiarane i NCE Maritime CleanTech, NCE Media og GCE Ocean Technologies.

– Det er utruleg bra at klyngepartnar Kluge arrangerer slike seminar. Dette er eit tema som er svært relevant for oss i NCE Maritime CleanTech. For oss som klynge er det viktig å ha god innsikt i korleis ein juridisk handterer rettar og forpliktingar i innovasjonsprosjekt der fleire verksemder samarbeider, seier Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.