Bedrifter i NCE Maritime CleanTech er godt posisjonerte til å få støtte til utviklingsaktivitetar i 2020. Fornybar energi og grøn skispfart er viktige satsingar i forsterka utlysingar frå verkemiddelapparatet.
Klyngeadministrasjonen bistår klyngebedrifter i å etablera utviklingsprosjekt. Dette passar godt til dei nye utlysingane som Innovasjon Norge har kome med for å auka utviklingstakta i næringslivet i ein krevjande periode.
Suksess med forprosjekt
Særleg har forprosjektordninga til Innovasjon Norge vore aktuell for mange av klyngebedriftene våre, og fungert som eit godt verkemiddel for mobilisering av nye grøne innovasjonsprosjekt.
Over 5 millionar kroner er dei siste vekene løyvde til ulike forprosjekt i klynga. Teknotherm er ei av klyngebedriftene som har lukkast:
– Gjennom gode tips og rettleiing frå NCE Maritime CleanTech har me fått støtte til to viktige forprosjekt som kan føra til grøn utvikling i hovudprosjekt. No får me starta arbeidet med begge desse forprosjekta i ei tid der det er viktig, men krevjande, å prioritera utvikling, seier kundeansvarleg Jan Nordvik i Teknotherm.
Nordvik får støtte frå Leirvik:
– Me er midt inne i ei omstillingstid. Med god bistand frå klyngeadministrasjonen har me sikra at me kan starta utviklingsaktivitetar for å identifisera grøne omstillingsmoglegheiter, både når det gjeld produksjonsmetodar og marknader, seier direktør Helge Gjøsæter i Leirvik.
Fleire bedrifter jobbar med forprosjektsøknader, og interesserte klyngebedrifter kan ta kontakt med oss i klyngeadministrasjonen for rettleiing og identifisering av aktivitetar.
2 milliardar til ekstraordinære innovasjonprosjekt i 2020
Innovasjon Norge har fått auka rammer til ekstraordinære innovasjonstilskot retta mot bedrifter med vekstambisjonar. Midlane skal brukast i 2020.
Her kan bedrifter få støtte til å gjennomføra viktige utviklingsaktivitetar som strategiprosess, kompetanseutvikling, utviklingsaktivitetar og testing, samt implementering av nye produksjonsprosessar og forretningsmodellar.
Klyngebedrifter i NCE Maritime CleanTech kan ta kontakt med klyngeadministrasjonen for rettleiing:
– Det er verdt å merka seg at dei forsterka utlysingane frå Innovasjon Norge også er retta mot større bedrifter, så her er moglegheitene gode for dei fleste deltakarane i klynga vår. Eit forprosjekt kan vera ein god start for å rigga eit hovudprosjekt. Me veit fleire aktørar har gryteklare prosjekt og me oppmodar interesserte bedrifter til å ta kontakt med oss i administrasjonen. På den måten kan me rettleia inn mot rett utlysing og legga til rette for god dialog med Innovasjon Norge i søknadsprosessen, seier Håvard Tvedte, direktør for prosjektleiing i NCE Maritime CleanTech.
Klyngeadministrasjonen har god dialog med Innovasjon Norge og kan bidra til at søknadar siktar på rett utlysing og svarar til forventningane i verkemiddelapparatet.