Mange små og mellomstore bedrifter har ekstra behov for å få hjelp til naudsynte endringsprosessar dette året. NCE Maritime CleanTech tilbyr difor ei forsterka rådgivingsordning for SMB-bedrifter i klynga.
I tillegg til den daglege bistanden klyngeadministrasjonen gir medlemsbedrifter, tilbyr me no ekstra 1:1-rådgiving for aktuelle SMB-bedrifter. Satsinga er støtta av Innovasjon Norge.
24 timar ekstra innsats for utvikling
Gjennom det nye klyngetilbodet kan aktuelle bedrifter få 24 timar med ekstern bistand frå erfarne konsulentar. Timane kan fordelast over fleire dagar og veker, men det skal gjennomførast hausten 2020.
Rådgivingstenestene kan nyttast til fleire ulike tema:
– Her får klyngebedriftene ei gyllen moglegheit til å få nyttig eksternt blikk på aktivitetar som kan utvikla organisasjonen. Det kan handla om for eksempel forretningsplanar for kommersialisering, internasjonalisering, vurdering av kapitalstruktur og identifisering av innovasjonsaktivitetar. Dette kan vera kjærkome i ei usikker tid for fleire bedrifter, seier Håvard Tvedte, direktør for prosjektstyring i NCE Maritime CleanTech.
Tema og innretning på bistanden blir avklara mellom aktuell klyngebedrift, NCE Maritime CleanTech og rådgivarar.
Søk om tilbod – løpande opptak av 10 bedrifter
Inntil 10 små og mellomstore bedrifter i NCE Maritime CleanTech får tilbod om eit slikt forsterka rådgivingstilbod i haust. Det er løpande opptak av bedrifter som får tilbod via nyordninga. Ta kontakt med klyngeadministrasjonen for å få avtala møte om mogleg gjennomføring.
I tillegg til dette forsterka SMB-tilbodet er klyngeadministrasjonen som vanleg tilgjengeleg for alle klyngebedrifter. Det er mange forsterka verkemiddelordningar som er utlyste no, og dei kan vera viktige verktøy for å få i gang nye utviklingsaktivitetar.