NCE Maritime CleanTech vil ytterlegare forsterka deltakinga i EU-prosjekt som skal bidra til å redusera utsleppa frå skipsfarten.
Stillinga skal støtte klyngemedlemmane i arbeidet med å identifisera relevante støtteordningar, og bidra til auka forskingssamarbeid mellom dei europeiske landa. Stillinga er delfinansiert av Innovasjon Norge. Arbeidsstad vil vera Stord eller Bergen etter nærmare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Mobilisere bedrifter til auka deltaking i EU‐prosjekt
- Vera oppdatert på aktuelle finansieringsutlysingar i EU
- Rettleia bedrifter i klynga om finansieringsmoglegheiter for deira innovasjonsprosjek
- Utvikle prosjektforslag som tiltrekker finansiering til NCE MC
- Hjelpe bedrifter med koordinering og utforming av EU-søknader
- Etablere gode europeiske prosjektkonsortium og fremja klynga si deltaking i sentrale fora i EU for å påverka komande utlysingar
- Leggja til rette for tettare samarbeid innanfor NCE Maritime CleanTech og på tvers av klynger, og kopla aktørar til større satsingar
Kvalifikasjonar
- Bachelor/master eller Ph.d.- innanfor engineering, økonomi, samfunnsfag eller tilsvarande
- God kjennskap til EU og EU sitt forsking- og innovasjonsprogram Horisont Europa og andre EU program
- Erfaring frå søknadsarbeid som utløyser forskingsmidlar frå EU‐systemet , evt. frå søknader opp mot andre verkemiddelordningar vil vera ein fordel
- Kunnskap og interesse for utvikling av grøne løysingar til dei havrelaterte næringar (maritim, marin, fornybar energi, olje og gass) vil bli sett som ein fordel
- Erfaring med å samarbeide tett med både næringsliv og akademiske miljø
- Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Evne til strategisk og analytisk tenking
- Høg arbeidskapasitet og evne til å skape relasjonar og bygge nettverk
Me kan tilby konkurransedyktige vilkår for den rette kandidaten, og moglegheit til å jobba i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda. Ein del reiseverksemd må påreknast.
Nysgjerrig?
Vår rekrutteringspartner, Human, bidreg i gjennomføringa av denne rekrutteringsprosessen. Ta gjerne kontakt med våre rådgjevarar i Human: Odd Arild Sævik, på mob 450 21 995, eller Edvard Thormodsæter, på mob 958 82 299. Du kan også ta kontakt med Hege Økland i NCE Maritime CleanTech, på mob 957 53 695.
Søknadsfrist: 14. februar.